Protokoll frå formannskapsmøte den 15.3.17:

«Det vert no gjort nærare vurdering av 3 tiltak inn mot neste søknadsrunde; 1) Fiber til Mollandsmarki og spreiing til husstandane der. Node frå Mollandsmarki til node på Urnes. Spreiing til husstandane på Urnes med fiber. 2) Fiber til heimen på Veitastrond frå telefonsentralen, der det no vert etablert fiber. Her må det koordinerast med planane for kraftutbygging på Veitastrond. 3) Fiber til heimen i området Nes – Markstein. Her er det relativt mange husstandar. I dette området er sentralen i Høyheimsvik bygd ut til VDSL, som gjev godt tilbod til dei som bur innan 1 km frå sentralen. Tiltak 1 vert prioritert under føresetnad av at det syner seg søke - og tildelingsgodt etter dei kriterium som vil gjelde for søknadane.».

Eit av krava til søknaden er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa må gjera dette innan 20.4.17.

Kommunen arbeidar for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til deler av kommunen, men fleire har framleis eit aksessnett med låg kapasitet og kvalitet. I 2015 vart det bygd fiber til Skjolden med statleg og kommunal støtte og i 2017 er det bygd fiber i området Dale i Luster med statleg og kommunal støtte. I 2017 vert det bygd fiber med statleg, fylkeskommunal og kommunal støtte i Jostedalen Nord.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett med god kapasitet. Sogn og Fjordane er mellom dei fylka i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betra situasjonen vil Luster kommune søkja om finansiering til å byggja ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod.

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrera tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja NKOM om støtte.

I samband med søknaden vil me invitera bedrifter og innbyggjarar til å koma med innspel i forhold til utbyggingsplanen til kommunen.

Fristen for høyringa er 20.4.17.  Innspel kan sendast på e-post til postmottak@luster.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandutbygging".