Du kan hente inntektsopplysingar om deg sjølv på Altinn.no. Logg inn i Altinn, gå til arkfana "Skjema og tenester", søk opp skjema Mine inntekter og arbeidsforhold - bestilling, skjemanr A08. Send inn bestillingsskjemaet, og du vil motta  inntektsopplysningane i "Min-meldingsboks". Har du fleire arbeidsgjevarar, kjem opplysingane frå alle arbeidsgjevarane opp i same skjema. Om du finn noko som er feil, må du kontakta arbeidsgjevar.