Alle barn skal få tilbod om vaksinasjon etter anbefalt program
Skulehelsetenesta er eit førebyggande og helsefremjande tiltak, og ei vidareføring av det førebyggjande helsestasjonsarbeidet.

Lege og fysioterapeut er tilknytt skulehelsetenesta. Og det er helsesøster som har det daglege ansvaret for tenesta.

Målsetjing for skulehelsetenesta:

  • Sikre at barn og unge får den helseundersøkinga og den helseopplysninga dei har rett på
  • Utføra målretta helseundersøkingar tilpassa individuelle behov og risiko
  • Samarbeide med heim, skule og andre i hjelpeapparatet for å identifisera og løysa helseproblem som har samanheng med skuleelevane sin situasjon.

Førebyggande psykososialt arbeid –arbeide med tiltak som fremmar gode mellommenneskelege, sosiale og miljømessige forhold for å forhindre psykiske plager/sjukdom – t.d. einsemd, mistrivsel.

«Open Dør» alle helsesøstrene på dei ulike skulane har open dør. Det betyr at elevar og foreldre kan ta kontakt utan å bestille time.

Helsesøster har kontortid ved skulen:
Gaupne skule:
Tysdag 9-14, Anne Helen Strandabø, Tlf. 45 87 80 41

Luster Ungdomskule:
Mandag 9-15, Jorunn Ødegård,Tlf. 47 80 82 60

Hafslo b- og ungdomskule:
Torsdag 9-30-14.30, Henny Haugane, Tlf. 45 87 80 43

Luster, Skjolden og Jostedal oppvekstsenter: Får besøk 8-10 gonger pr. skuleår: Jorunn Ødegård
Indre Hafslo og Solvorn oppvekstsenter: Får besøk 8-10 gonger pr. skuleår: Berit Skjerdal, mobilnr. 45 87 80 44