Helsestasjonslegen skal ha helsestasjon for ungdom (HFU) i samarbeid med Helsesøster på Hafslo barne- og ungdomsskule (HBU)/Luster ungsdomsskule (LUS).
Tilbodet blir på torsdagar, klokka 14.30-15.30.

HFU på HBU startar i kalenderveke 34, torsdag 23/8-18 klokka 14.30-15.30. Vidare i veke 38, 42, 46, 50.

HFU på LUS startar i kalenderveke 36, torsdag 6/9-18 klokka 14.30-15.30. Vidare i  veke 40, 44, 48, 1.

HFU på Helsestasjonen blir i kalenderveke: 35, 37, 39, 43, 45, 47, 49. Torsdagar, klokka 14.30-15.30.

Du kan stikke innom for ein prat med ein vaksenperson om helse, om kropp, om prevensjon og sex eller om korleis dei har det med seg sjølv eller med venner. Tykkjer du det er vanskeleg å komme åleine, kan du ta med ein venn eller ei venninne.

Kontakt HFU:

Ring til telefonnr. 57 68 56 05
Ein kan sjølvsagt ta ein telefon til helsestasjonen utanom oppsett opningstid for å avtale time på eit anna tidspunkt som passar betre.
HFU har sommarstengt i skuleferien. I denne tida kan ein gjera avtale med helsestasjonen i kontortida.