Dokumentet, saman med informasjon om korleis du kan søkje støtte frå næringsfondet, finn du her.

Dokumentet er i stor grad som tidlegare, men med nokre justeringar.

Endring av satsar

  • Rentesats for næringslån er endra til 4% i tråd med vedtak i budsjett og økonomiplan 2023
  • Oppstartingstilskot i pkt. 1.2 er tilrådd justert frå kr 30 000 til kr 40 000, då satsen ikkje har vore regulert på ei stund
  • Tilskot til nydyrking i pkt. 1.5.6 er tilrådd justert frå kr 2000 til 2500 pr dekar, då innsatsfaktorar har fått vesentleg auka kostnad

 

Nytt tilskot til reguleringsplanar

Luster kommune ønskjer at utbyggingstiltak skal realiserast gjennom godkjente planar, og avklart arealbruk gjennom kommuneplan og/eller reguleringsplanar. Me ser og at dispensasjonssaker krev mykje tid og ressursar og stoppar gjerne opp ved at overordna mynde “set foten ned” og stoppar tiltaket. Kravet om at tiltak skal gå “planvegen” vert forsterka. Utviklinga har og vorte slik at reguleringsprosessar er stadig meir kostnadskrevjande, mellom anna fordi det er krav om ulike farevurderingar. Nokre kostnadar er det naturleg at fullt og heilt ligg til ein som tek initiativ til ein reguleringsplan, men Luster kommune vurderer at det kan vere tenleg å prøve ut eit tilskot til private reguleringsplanar, der Luster kommune etter søknad kan gje eit tilskot som (hovudregel) kan dekke 50% av kostnadar over kr 100 000. Dette kan også gjere det lettare å påleggje private initiativtakarar å gjennomføre regulering, difor er det også tatt inn som eit vilkår til tilskot til reiseliv i pkt 1.5.3. Teksten til vilkåra i nytt punkt 1.5.9 er som følgjer:

For å stimulere til at utviklingstiltak skjer med vedtekne planar innfører Luster kommune frå 2023 moglegheit til å søkje eit tilskot til reguleringsarbeid, med følgjande vilkår:

  • Inntil 50% tilskot på kostnadar over kr 100 000. Det vert normalt ikkje gjeve tilskot til kostnadar under kr 100 000.
  • Alle fakturerte utgifter tel med i grunnlaget (sakshandsamingsgebyr, konsulentkostnadar, farevurdering og liknande kan inkluderast, eigeninnsats frå søkjar eller andre i søkjars bedrift gjev ikkje grunnlag for tilskot)
  • Søknad kan sendast etter at oppstartsmøte med planavdelinga konkluderer med at det er grunnlag for å starte regulering, og kva krav til utgreiingar som vert stilt. Søkjar må leggje ved stadfesta tilbod frå leverandør(ar) som grunnlag for utmåling av tilskot.
  • Dersom kostnaden ved reguleringsarbeidet vert vesentleg dyrare enn i søknadsgrunnlaget (meir enn 10%), eller det vert kravd fleire utgreiingstema undervegs i prosessen, kan søkjar søkje om auka tilskot.
  • Ved reguleringsplanar som kjem ålmenta til gode og som ikkje har næringsverksemd som primærmålsetjing, kan næringsutvalet i særskilte høve innvilge høgare tilskotssats eller 50% tilskott frå fyrste krone.
  • Det vert ikkje gjeve tilskot til kostnadar med tilbakeverkande kraft (før 2023). o Finansiering via direkteløyving næringsfond. Rådmannen tilrår at næringsutvalet vedtek grunnlag for handsaming av næringssaker i 2023 med dei endringar som kjem fram i saksframlegget.

 

I tillegg har næringsutvalet bestilt følgjande frå administrasjonen vidare:

  • Det skal på neste møte leggjast fram ei tilleggssak med nærare vurderingar og tilråding for ei “grøntsatsing” i kommunen.
  • I næringssakene skal miljø/klima-perpektivet vurderast i større grad inkl. drøfting av ev vilkår/krav for støtte. Dette skal innarbeidast fram til neste handsaming av; “Grunnlag for handsaming av næringssaker”.