Gjeldsordning

Gjeldsordningslova gir privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem høve til å få kontroll over økonomien sin. Ei gjeldsordning er ein avtale om å betale mest mogeleg ned på gjelda i ein avgrensa periode, som hovudregel fem år, mot å få sletta restgjelda.

Ordninga omfattar alle typar gjeld, òg til det offentlege, og ein kan som hovudregel berre nytte denne ordninga ein gong i livet.

Framgangsmåte for den som ynskjer gjeldsordning – rett til bistand

Den som vil søkje om gjeldsordning skal vende seg til den lokale namsmannen. Dette er lensmannen eller namsfuten. Namsmannen vil gi råd og rettleiing om lova sin verkemåte og ev. hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet.

Dersom det blir opna gjeldsforhandling, vil namsmannen hjelpe til med å utforme eit forslag til betalingsordning som blir sendt til kreditorane for vurdering. Dersom forslaget ikkje blir godteke, kan ei ordning fastsetjast i domstolane.

Enkelte namsmenn yter òg hjelp til den økonomiske gjennomføringa av ei gjeldsordning. Det tek vanlegvis 4-6 månader å få i stand ei gjeldsordning, deretter følgjer ein betalingsplan (gjeldsordningsperiode) på fem år.

Kven kan kome inn under gjeldsordningslova?

Hovudvilkåret for å kome inn under gjeldsordningslova er at ein er ute av stand til å betale for seg, og at dette varer ved. Det vil seie at problema må vere av permanent karakter, og at det ikkje er mogeleg å betale ned gjelda i overskodeleg framtid.

Eit anna hovudvilkår er at ei gjeldsordning ikkje må verke urimeleg eller støytande på andre. I dei fleste tilfelle vil det òg bli stilt krav om at ein etter beste evne må ha prøvd å løyse problema på eiga hand.

Rett til å behalde bustad og andre eigendelar under ei gjeldsordning

Den som oppnår gjeldsordning har som hovudregel rett til å behalde ein eigarbustad av rimeleg storleik og standard. Men berre den delen av bustadgjelda som ligg utanfor takstverdien av bustaden vil bli sletta som følgje av gjeldsordninga. Tanken er at bustadgjelda omtrent skal svare til bustadverdien når gjeldsordninga er over.

Lova opnar òg for at ein i enkelte tilfelle kan behalde ein privatbil. Den må då vere av nøktern verdi, og naudsynt på grunn av arbeidssituasjonen eller sjukdom eller funksjonshemming.

Midlar til eige underhald under gjeldsordninga

Etter gjeldsordningslova har alle som oppnår gjeldsordning rett til å behalde eit rimeleg beløp til eiga forsyting. I tillegg til dekning av nøkterne buutgifter kan det setjast av midlar til naudsynte forbruksutgifter, eller livsopphald, etter satsar som går fram av ei eiga forskrift. Satsane blir justerte i takt med konsumprisindeksen (KPI) 1. juli kvart år.

Behov for hjelp med økonomiske problem?

Dei som opplever økonomiske problem, kan søkje hjelp hjå ein økonomisk rådgivar i heimkommunen eller ringe NAVs økonomi- og gjeldsrådgivningstelefon 55 55 33 39 (e-post: 800gjeld@nav.no), som er ein gratis landsdekkjande hjelpetelefon.

Privatpersonar som har alvorlege gjeldsproblem kan òg søkje namsmannen/lensmannen om gjeldsforhandling etter gjeldsordningslova.