I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har det faste utvalet for plansaker i møte 12.09.2016, sak 37/16, vedteke å leggja framlegg til ny reguleringsplan for deler av Gaupnegrandane og Engjadalselva, ut til offentleg ettersyn. Plan-ID 1426-2016002.

Området på ca. 7 daa er regulert til industri, friområde, naust og avlaupsanlegg. Planen er i samsvar med gjeldande kommuneplan, arealdelen.

Planframlegget (kart) med tilhøyrande føresegner, ROS-analyse og saksdokument finn du under.

Plankart

Føresegner

Ros-analyse

Sakshandsaming

Plankartet er lagt inn i Luster kommune sitt nye digitale kartsystem. Ved å trykke på denne linken kjem du rett til planen i kartet.

OBS: Hugs å slå av gjeldande reguleringsplanar under fana oppe i høgre hjørne – Meny-kartutvalg - for å sjå berre denne planen på skjermen.

Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, 6868 Gaupne, innan 10. november 2016.   

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Inger Handegård tlf.: 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no