I samsvar med reglane i § 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla oppstart av reguleringsarbeid for ein del av Røneidsgrandane.

Området er på ca. 7 daa, sjå kartutsnittet nedanfor. Planen har planid 1426-2017001 Industriområdet Røneidsgrandane er tidlegare regulert i reguleringsplan frå 1987. Formålet med omreguleringa er å gi plass til ny brannstasjon i kommunen. Denne må vera plassert i kort avstand frå kommunesenteret. Aktuelle reguleringsføremål i planen er bygg og anlegg (næring, offentleg tenesteyting – brannstasjon med øvingsområde), anlegg for samferdsle og teknisk infrastruktur, grønstruktur og bruk og vern av vassdrag, jf. § 12-5 i plan- og bygningslova.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Inger Handegård, tlf. 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no  

Eventuelle innspel og/eller merknader kan sendast Luster kommune, Rådhuset, 68658 Gaupne, innan 11. mars 2017.

 

Gaupne brannstasjon reg.jpg