Stortinget sa i 2014 at auka matproduksjon og auka sjølvforsyning er hovudmåla for norsk jordbruk.  Det betyr at vi må ha eit landbruk over heile landet som tek i bruk alle våre ressursar, både natur og menneske, slik at vi kan nå Stortinget sitt mål.

Landbruket skal produsere effektivt, men det må ikkje gå ut over dei hovudmåla for landbruket som eit fleirtal på Stortinget har bestemt.

Regjeringa si jordbruksmelding som nå vert handsama, svarar ikkje på korleis dei vil nå Stortinget sine fire overordna mål for norsk landbrukspolitikk, som er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping, og eit berekraftig landbruk.

Regjeringa løfter derimot opp kostnadseffektiv matproduksjon som eit nytt hovudmål i meldinga.  Dersom retninga for norsk landbruk skal vere stordrift og større gardsbruk, vil det slå veldig uheldig ut for vår kommune.  Maten må bli produsert der jorda er.  Vi må ha marknadsordningar som sikrar at våre bønder har tryggleik for å få levert dei produkta dei produserer, og at dei får lik pris uavhengig av avstand til næraste foredlingsanlegg.

Luster kommune vil:

  • At Stortinget sine fire overordna mål for norsk landbruk skal ligge fast.
  • Avvise eit nytt hovudmål om kostnadseffektiv matproduksjon, då det vil overstyre Stortinget sine vedtekne mål for norsk landbruk.
  • Ha ein landbrukspolitikk som tek i vare busetnad og verdiskaping i distrikta.
  • At marknadsordningane vert ført vidare for å sikre landbruk over heile landet.
  • At det vert lagt til rette for eit mangfaldig landbruk som tek i bruk jorda over heile landet for å auke matproduksjonen på norske ressursar.
  • Oppmode Stortinget om å gå bort frå ei føreslått forenkling som inneber at refusjon av ferie/fritid blir avvikla. 
  • Ønskje at ein også skal behalde ordninga med tidlegpensjon som gjer det mogleg for yngre krefter ta over drifta når bonden fyller 62 år.

Luster kommune ber Stortinget følgje opp dei viktige måla Stortinget allereie har sett seg når dei skal handsame «St. meld. 11 (2016/17) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon» i Stortinget.