FjordMap er allereie oppe og går i første versjon. Det er eit enkelt verktøy for besøkande og bedriftene/kommunane som fungere på alle smartflater; datamaskiner, nettbrett og mobilar (eller stor touch-skjerm).

FjordMap er laga for å gi ei enkel oversikt over alle overnattingsstader, aktivitetar og attraksjonar i Sogn:

  • 2-klikk til booking (uavhengig av bookingløysing)
  • Informasjonsverktøy for alle (besøkande, medlemsbedriftene og Visit Sognefjord)
  • Salsverktøy til bruk på workshops, salsreiser og messer

Klikk deg inn på www.fjordmap.no og surf rundt for å bli kjent med det.

Vi oppmoder alle til å bruke FjordMap – bruk det på nettbrett, datamaskiner eller touch-skjerm i resepsjonen eller anbefal besøkande å gå inn via mobil på www.fjordmap.no.

FjordMap er den nye digitale «turistinformasjonen» for Sognefjorden - me legg stadig til nye aktiviteter og severdigheter. Rikke Westvig vil halde fram som prosjektansvarleg for FjordMap på oppdrag frå oss etter 1. juli. Kontakt Rikke på rikke@sognefjord.no om du har spørsmål eller innspel til FjordMap.