Luster Sparebank har som første større sponsor gitt eit tilskot på 1 mill. kr til prosjektet attendeflytting av Wittgensteinhuset. Frå Sogn og Fjordane fylkeskommune får prosjektet likeeins 1 mill. kr for tiltak i 2017. Det er langt fram for fullfinansiering, men med positiv respons frå andre nøkkelsponsorar som er og vil bli kontakta i løpet av våren, kan demonteringa av huset starte i inneverande år.

Den verdskjende austerriske filosofen og ingeniøren Ludwig Wittgenstein (1889-1951) er lite kjent i Norge. Men årleg oppsøker entusiastar frå heile verda fjellhylla med grunnmuren der han bygde eige hus i 1913/14 for å finne arbeidsro. Her gjennomførte han arbeider som leverte viktige bidrag,  ikkje berre til språk- og sinnsfilosofi, men òg til logikk og matematikk og til studiar i aerodynamikk.

Wittgensteinhuset står i dag nær Skjolden sentrum og er i bruk som fritidshus. Flytta og attreist i original arkitektonisk form vil det vil bli ein internasjonal turistattraksjon. Det vil tilføre Sogn og Fjordane nok eit interessant, historisk kulturminne.

Dersom alt går etter planen reknar Stiftinga med at huset kan innviast med støttespelarane som gjester saman med representantar frå norske og utanlandske universitet og institusjonar med eit større arrangement i juni 2019.

Prosjektet er omfatta med betydeleg internasjonal interesse. I mai kjem ein pressedelegasjon frå Austerrike til Skjolden for reportasje. Ved sidan av  at Universitetet i Bergen er part i Stiftinga, er det også engasjement ved dei universiteta der Wittgenstein studerte, dvs i Berlin, Manchester og Cambridge. 

Styret i Wittgenstein-stiftinga

Foto: Stiftinga Wittgenstein i Skjolden f.v. Trygve Martinusen, Ivar Kvalen, Jon Bolstad (på video-konferanse), Harald Vatne og Rune Falch. Foto: Erling Bjørnetun