Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 05.04.2017, sak V-17-9, gjort fylgjande vedtak med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8. Januar 2016, § 28:

 

SVARTEBOTNEN VILLREINOMRÅDE

Det vert tildelt 10 løyver i Svartebotnen villreinområde. Løyva skal fordelast slik på kjønn og alder: Dei skal fordelast slik: 2 frie løyver, 4 simle/ungdyr, 4 kalv.

 

SUNNFJORD VILLREINOMRÅDE

Det vert tildelt 20 løyver i Sunnfjord villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.

 

FØRDEFJELLA VILLREINOMRÅDE

Det vert tildelt 15 løyver i Førdefjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.

 

LÆRDAL/ÅRDAL VILLREINOMRÅDE

Det vert ikkje tildelt løyver i Lærdal/Årdal villreinområde. Villreinnemnda har ikkje motteke framlegg om kvote for området grunna redusert stamme.

 

VEST-JOTUNHEIMEN VILLREINOMRÅDE

Det vert ikkje tildelt løyver i Vest-Jotunheimen villreinområde. Villreinnemnda har ikkje motteke framlegg om kvote for området grunna redusert stamme.

 

Utdjuping av vedtaka kan sendast frå villreinnemnda på oppmoding. Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Evt. klage lyt vere skriftleg og skal sendast til Sogn og Fjordane villreinnemnd, adr. Siri Bøthun Naturforvaltning, Fresvikvegen, 6896 Fresvik.