Vi er til saman 8 fastlegar og ein turnuslege, 4 er spesialister i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering. Kompetent hjelpepersonell. Vi brukar CGM-Allmenn, har eit godt utstyrt legekontor med bl.a. eige undersøkingsrom for gynekologi, ØNH, Ultralyd, EKG/Spirometri /Tympanometri/Holter/24timers BT. I tillegg eigen godt utstyrt legevaktsbil. Me samarbeider godt med ambulansetenesta som ligg i same bygning som legekontoret. Godt samarbeid med pleie og omsorgstenesta der vi og har 2 KAD(ØHD) senger.

Legekontoret har i årevis hatt god fokus på fagutvikling og internundervisning. Vi har eit godt inkluderande og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Legevakta er 10 delt. Eige vaktdistrikt. Me nyttar oss av legevikarar til legevakt i ferieperiodar. Dette gjer gode moglegheiter for fleksibel ferieplanlegging for dei faste legane. Legane har morgonmøte dagleg kor vaktarbeidet og/eller interessante/problematiske case er tema, smågruppe-undervisning 1 time kvar torsdag.

Kvalifikasjonar
Ved tilsetting blir det lagd vekt på faglege kvalifikasjonar, og personlege eigenskapar som samarbeidsevne, kommunikasjon og kollegialitet. Det blir kravd gode språkkunnskapar både munnleg og skriftleg. Søkjar må ha norsk autorisasjon.

Særskild for stillinga
Luster kommune har godt system for å stimulere unge legar til å ta spesialiteten i allmennmedisin. Fastlegane driv etter Normaltariffen. I denne stillinga kan det veljast om ein ønsker å drive praksis etter Normaltariffen eller å ha kommunal fast løn. Vi vil uansett driftsform dekka utdanning til spesialiteten i allmennmedisin. Det vil bli gjeve fast vegleiing frå tildelt vegleiar. Fast løn vil gjelde så lenge ein er under spesialisering i allmennmedisin. Fastlegane har rett på betalt vidare og etterutdanning med 4 veker pr år.

Kommunen kan tilby
Hjelp til å skaffe bustad.

Søknad
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 21.01.2018

Kontaktperson
Knut Schønberg, kommuneoverlege / helsesjef, tlf: 57685600, knut.cotta.schonberg@luster.kommune.no