Luster kommune er godkjent som Fairtrade kommune. Fairtrade handlar om rettferdig handel. Fairtrade arbeidar for at internasjonal handel skal føregå på eit grunnlag som set folk i stand til å leva – ikkje berre overleva. Ved at ein handlar Fairtrade-merka produkt bidreg ein til at dei som har produsert vara kan forsyta seg sjølv og familien sin, utan å vera avhengig av hjelp og bistand. Med dette får dei høve til å skapa si eiga framtid og bidra til å byggja opp sitt eige lokalsamfunn.

Luster kommune si styringsgruppe oppfordrar til rettferdig handel.
Svein Tore Heltne (leiar), Beate Bondevik Lie (nestleiar), Odd Atle Stegegjerdet, Ole Johnny Uthus, Kai Øystein Søvde.

Administrativ kontaktperson: Perdy Hesjevoll. 

Følg Fairtrade Norge på Facebook

Sjå alle produkt som er godkjende gjennom Fairtrade.