Relatert bildeKvar dag kan du ta val som fører til forbetringar i andre menneske sine liv. Når du handlar Fairtrade-merka varer er du med på å redusere fattigdomen i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Fairtrade er ein nonprofit-organisasjon som vart oppretta i 1986, som forvaltar ei merkeordning der det blir sett krav til arbeidskår ved produksjon av råvarer. På den måten får bønder og arbeiderar større påverknadkraft og tryggare arbeidstilhøve. For familiane vert kvardagen meir føreseieleg.

I tillegg til bærekraftige levekår, jobbar Fairtrade langsiktig for meir rettferdig handel, og for at bøndene skal få innpass på marknaden med varene sine.
I dag er det Fairtrade-merka kaffi, te, kakao, sukker, juice, is, sjokolade, bananar, ris, krydder, honning, bomull, blomster og vin i Noreg.

Spør etter Fairtrade-merka produkt der du et og handlar.
Kvart einaste kjøp bidreg til å redusere fattigdom.

Fairtrade.no