Kommunestyret har vedteke at det vert innført eigedomsskatt i heile kommunen jf. esktl. § 3 bokstav a) frå og med skatteåret 2018.
Den alminnelige skattesatsen er 7 promille av skattegrunnlaget. For bustader/våningshus og fritidseigedom er skattesatsen  2 promille av skattegrunnlaget.
Det er vedteke eit botnfrådrag på 200.000 kroner pr bueining (bustad og fritidseigedom).

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har vedteke rammer og retningsliner for taksering av eigedomar.
Eigedomar som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten, har fått berekna eigedomsskatt ut frå Skattetaten sin bustadverdi. Sjå informasjon og klagereglar.
Eigdomar som ikkje har formuesgrunnlag frå Statteetaten, har kommunen taksert ette synfaring. Sjå informasjon og klagereglar.

Utlegging til offentleg ettersyn
Eigedomsskatteliste vert lagt ut på rådhuset, servicetorget i fire veker frå og med onsdag 28.3.18. Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, gards- og bruksnummer, eigedomsskattetakst, botnfrådrag, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.

Skattesetel som syner takst og skatt er sendt i eiga melding til heimelshavar. Sendt ut 28.3.18. Klagefristen er 22. mai 2018.

Faktura for eigedomsskatten kjem i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 11. mai og 15. september.