Kommunestyret har vedteke å nytte Skatteetaten sitt formuegrunnlag for bustadeigedom i samsvar med eigedomsskattelova §8C-1.

Skatteetaten sitt formuegrunnlag for bustadeigedomar byggjer på årlege utrekna kvadratmetersatsar frå Statistisk sentralbyrå.

Kvadratmeterprisen skal gje ein forventa marknadsverdi pr. kvadratmeter og byggjer på statiske opplysningar om omsette bustader, der det vert teke omsyn til:

  • Bustadtype (einebustad, leilegheit, småhus)
  • Opphavleg byggjeår
  • Arealet på bustaden (primærrom)
  • Geografisk plassering

Sakshandsaming
Kommunen får oversendt formuegrunnlaget elektronisk frå Skatteetaten, og kommunen har ikkje  høve til å justere formuegrunnlaget. Kommunen vil ikkje få tilgang til opplysningar knytt til eigar (namn, fødselsnummer, adresse).

For å sikre at opplysningar om bustader i ein kommune ikkje skal kome til andre enn rette vedkomande i den einskilde kommune, har direktoratet innført ei særskilt autentiseringsløysing for pålogging. Kommunen er vidare pålagt å sikre at opplysningane vert handsama i tråd med teiepliktsreglane i likningslova. 

For bustader vil promillesatsen fyrste året bli sett til 2,0. Same promillesats gjeld også for våningshus og ev. fritidsteigedom. Kommunestyret kan i tillegg vedtak eit botnfrådrag på taksten.

Klage ved bruk av formuegrunnlag
Kva kan bustadeigar klage på, og kven skal klage rettast til?

Klage som skal rettast til og avgjerast av Skatteetaten:

  • Bustadeigar kan melde inn endringar av bustadopplysningar, det vil seie arealet av primærrom, byggjeår og bustadtype
  • Bustadeigar kan krevje å få sett ned likningsverdien (og med det formuegrunnlaget), dersom likningsverdien dokumentert utgjer meir enn 30% av marknadsverdi for primærbustader og 60% marknadsverdi for sekundærbustader

Klagefrist
Klagen må sendast Skatteetaten som klage på likning etter likningslova sine reglar. Klagefrist vert fastsett av Skatteetaten kvart år.

Søknad om reduksjon eller fritak for eigedomsskatt generelt skal framleis sendast til kommunen.

Eigedomsskattekontoret