Hyttestyret med skilt+Karen Marie Hjelmeseter A.jpgI Luster kommune er den siste dagsturhytta, Eikjabu, plassert ved Lustrafjorden på Ytre Eikum mellom Solvorn og Marifjøra. Luster turlag v/ DNT Ung har driftsansvaret for dagsturhytta.

Parkering i Solvorn eller Marifjøra. Av kapasitetsmessige årsaker (parkeringsplassar) kan det vera smart å organisere felles transport  frå Marifjøra til kajakknaustet som Luster turlag har i Vedvik.

Det er tursti frå Mollandsmarki til Ytre Eikum, og vil i starten fylgje den same stien som er merka til Stuaflåten. Parkering på Krossen der også ein av stiane opp til Molden startar.

Stien ned frå Mollandsmarki er stadvis bratt og er under planlegging for sikring spesielt i Eikjagjelet. Frå Krossen og ned til Ytre Eikum er det ca 4 km.

Frå Vedvik tek det ca 20 min å padle kajakk, medan det frå Solvorn vil ta ca 1 t.

Eikjabu med utedo vart ferdig montert i feb. 2018, og opninga er tidfesta til 12. mai -18.