Jegerane er ikkje pliktige til dette, men kan gjere det dersom dei ynskjer. Jegerane kan ta desse prøvane sjølve eller eventuelt kontakte Mattilsynet som kan ta prøven for dykk i Sogndal.

Dersom ein ynskjer å ta prøven sjølve så oppsøker ein kommunen som har prøveutstyr liggande på landbrukskontoret. Prøvane er frankerte og jeger sender desse inn sjølve til veterinærinstituttet. Prøvene kan takast av alle dyr utanom kalv, då sjukdommen ikkje kan påvist på dei.  

Det er ein fordel at jegerane tek prøve av både hjernen og lymfeknutane. Video av korleis ein tek prøve finn du på følgjande nettside: https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/chronic-wasting-disease

I tillegg tek Luster kommune v/fjelloppsyn Runar Hatlevoll prøver av alle fallvilt. Det er derfor viktig at jegerane og andre rapporterer om funn av kadaver eller skrantande dyr til oppsynet.  

Me oppmodar valdleiarar on å spreie informasjonen vidare til jegerane. Kontaktinformasjon for CWD prøvetaking finn du under.

 

Kontaktinformasjon:

Runar Hatlevoll (fjelloppsyn): 99 15 36 03

Nils Martin Fjær (Mattilsynet): 91 72 23 73

Torodd Urnes (Mattilsynet):  95 80 55 65