Budsjett 2017 - Vedteke i KOM 16.12.2016.pdf

Budsjettet syner at kommunen er på veg inn i økonomisk krevjande tider. Hovudgrunnen til dette er svikt i inntekter. Eigedomsskatten frå dei store kraftverka går ned grunna låg kraftpris over fleire år. Dei statlege rammeoverføringane til Luster syner ein større nedgang grunna systemendringar i disfavør av kommunar som vår.  Kommunestyret har derfor sett seg nøydd til både innstrammingar og ekstraordinære tiltak for å balansera ytterlegare om lag 20 million kroner som mangla for å få budsjettet i balanse.

Heldigvis har kommunen noko reservar. I budsjettet vert det nytta 7 millionar frå fond og det vert søkt om avdragsutsetjing på lån på 10 million kroner i 2017. Budsjettrammene til grunnskulen er redusert med om lag 2,5 million kroner frå 2016 og omsorgstenesta skal følgja opp plan frå tidlegare vedtak med 5 million lågare budsjett enn i 2015. Budsjettet har òg ei generell innstramming på fleire område med manglande kompensasjon for prisstigning og reduksjon i eksterne tilskotsordningar med om lag 500.000. Her er fleire ordningar reduserte, og ordninga med tilskot til bygging av bustader utan kommunal VA/utanfor kommunalt tilrettelagde tomtar vert avvikla for nye saker frå 01.01.17.

Det er føresett at ekstraordinære tiltak må vere mellombels og kommunestyret har derfor vedteke utgreiing av tiltak som vil gi auka inntekter og redusere utgifter. Eit tiltak er tilretteleggjing for utviding av eigedomsskatteordninga til bustad-, fritids- og næringseigedommar ev frå 2018. Me skal òg gjere ein større kommuneanalyse for å identifisere område der driftsnivået kan tilpassast lågare ressursbruk. Eit område som skal drøftast særskilt er skulestrukturen, og målsetjinga er å utarbeida ein skulebruksplan for framtidig skule- og barnehagestruktur med lågare ressursbruk enn i dag.