marknad brefestival.jpgFredagen 29. er det også eit føredrag av Mette Gillespie frå Høgskulen på Vestlandet på Jostedal hotell. Ho vil snakke om  "Geofysisk kartlegging av breer". Det vil i praksis seie korleis landskapet ser ut under breen. I samband med føredraget vil filmen som elevane ved Jostedal skule har laga, bli vist:"Syskeni Dalen og jakta på den forsvunne breen". Etter føredraget er det sommarquiz.

Laurdag 30. juni kl 10 er det rafting frå Gjerde ned til Høgebrui. Aldersgrense 6 år. Kl 11 startar marknaden i Dølaheimen. Her er det terrengløp kl 11 og start på skathellekasting kl 12. Elles vil det bli buskspel og lesestund for born. Hesteriding og killingleik. Tombola , grilling og mølse.

Kl 19 er det litteraturkveld på Fjellheim (Nigardsbreen Gjesteheim). Her vil vår eigen lokal forfattar Sigrid Hesjevoll lese frå  boka si: Naudsynt happy ending. Forfattaren Erlend O Nødtvedt har og sterke band til Jostedalen, han les frå boka si: Vestlandet.

Laurdag kveld vert det brepub på Breheimsenteret. Då kjem dei røynde rockarane i Infidels og spelar som berre dei kan. Det vert mange kjende låtar den kvelden; Stones, Young, Hendrix, Dylan osb.

Søndag er det aktivitet for barn. Det er bretur på Nigardsbreen for dei over 6 år. Det er klatring, natursti og hesteriding ved Breheimsenteret. Det er padlng på Brevatnet.

Sjå programmet her