Borgarleg vigsel.jpgPrøvingsattest

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet. 

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Attesten er gyldig i fire månader.

Tid og stad for vigsel

Vi tilbyr vigslar alle yrkedagar i opningstida på rådhuset, kommunestyresalen.  Brudepar som ynskjer vigsle på andre tidspunkt eller andre stader i kommunen, må gjere avtale om det med vigslar og betale for meirkostnader. Når vi har mottake gyldig prøvingsattest kan du bestille tid for vigsel. Ta kontakt på telefon 57 68 55 00 eller fyll ut skjema for bestilling av vigsel.

Pris 

Vigsla er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i, eller du er busett i utlandet.
Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Tilbodet om borgarleg vigsle gjeld òg for brudepar som ikkje er heimehøyrande i Luster kommune. Dei må betale nødvendige kostnader for vigsla. For 2018 er pris fastsett til kr. 1000,-.

Korleis blir seremonien?

I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. 

Vigselsattest

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret.