Hummarbestanden har gått ned langs heile sør- og vestlandskysten. Fiskeridirektoratet viser til at bevaringsområde har fleire positive effektar. I eitt av områda som vart freda i 2006 auka bestanden med 245 prosent. Sjå informasjon om effektane av  bevaringsområde på Fiskeridirektoratet si nettside 

Foreininga Sognefjorden Vel har utarbeidd forslag til bevaringssoner i Sognefjorden. Kommunane ber no om innspel frå interesseorganisasjonar og fiskarar på forslaget.  
Forslag til etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden (pdf)

Kommunane handsamar saka politisk før forslag til bevaringsområde blir sendt til Fiskeridirektoratet.

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne innan 15. mars 2018.