Ein besøksheim er også ein stad der barn/unge som treng det kan koma for å få miljøforandring i ein trygg og forutsigbar familiesituasjon. Besøksheimen kan vera ein familie med eller utan born, gifte, sambuarar eller einslege. Dei må ha hjarterom og husrom til å ta i mot eit ekstra barn.

Oppdragstakar må lika å vera saman med barn og unge og villig til å bruke ein del av si fritid på dette. Ein må ha evne til å leva seg inn i og forstå barnets behov og reaksjonar, og evne til å skapa stabilitet og tryggleik for barnet.

  • Ein må vera tolerant og fleksibel samstundes som ein må vera i stand til å setja klare grenser.
  • Ein må kunna ta utfordringar og takle konfliktar som kan oppstå. Ein må vera påliteleg og ha evne til samarbeid.
  • Det må ikkje vera rusproblem, psykiske problem, eller store livskriser hos oppdragstakar.
  • Ein må kunna setja av faste tider til samvær med barnet.
  • Oppdragstakar skal som hovudregel ha fylt 18 år, og må kunna binda seg for minst eit år. Oppdragstakar må levera politiattest.