Hovudoppgåva vår er å hjelpe barn, unge og familiar i ein krise- og akuttsituasjon, og der ein ikkje kan vente til neste virkedag med å etablere kontakt med den lokale barnevernstenesta.

Ordninga er basert på ei vaktordning med barnevernsfagleg kompetanse tilgjengeleg på telefon og eventuelt ved oppmøte. Barnevernsvakta vil i kontakten vurdere korleis avhjelpe situasjonen fram til neste virkedag, og kva tiltak som vil vere tenlege i situasjonen.

Forutan direkte kontakt frå barn, unge og familiar, ynskjer Sogn barnevernsvakt å vere ein naturleg samarbeidspart for til dømes Politiet og for lokal helseteneste (legevakt) i situasjonar der det ligg føre ein uavklart situasjon for barn og unge, og der desse treng å sikrast. 

Vakttelefonen er betjent i følgjande tidsrom:

  • Vintertid (frå 15. september til 14. mai):
    • På virkedagar måndag til fredag: Frå klokka 15:45 til klokka 08:00.
    • Helg, frå fredag klokka 15:45 til måndag klokka 08:00.
    • Andre helge- og høgtidsdagar: Heile døgeret.
  • Sommartid (frå 15. mai til 14. september):
    • På virkedagar måndag til fredag: Frå klokka 15:00 til klokka 08:00.
    • Helg, frå fredag klokka 15:00 til måndag klokka 08:00.
    • Andre helge- og høgtidsdagar: Heile døgeret.

Sogn barnevernsvakt vil ikkje vere tilgjengeleg på vakttelefonen innanfor kontortid på virkedagar. Då må ein kontakte lokal barnevernsteneste direkte ved akutte førespurnader.