Søknadsfrist for endring, eller ny barnehageplass: 1. februar 2018

De skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet barnehageåret 2018/2019, som de finn i skjemafana i botnen.

Vedtak om barnehageplass vert sendt som post og må underskrivast og returnerast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne.

De kan forvente svar innan 15. mars 2018.

Dersom det er barn på venteliste, må dei søke på nytt.

Barn som har plass i barnehage 2017/2018 treng berre søke dersom dei ynskjer endring i tilbodet frå hausten 2018.

Dersom de treng rettleiing i samband med dette, ta kontakt med den eininga de skal søke til.