Badesesongen 2018 har starta og vassprøvene tatt den 20.juni var fine på dei tre kommunale badeplassane, Skjolden, Luster og Solvorn. Alle viser badevatn av god kvalitet.

NB!! Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vannet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjer Luster Kommune ein vurdering i tillegg til umiddelbart nye, oppfølgjande prøver.

Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Prøvene er tatt etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.

Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gjett i tabell 1 under:

Parameter

God

Mindre god

Ikkje akseptabel

Termotolerante koliforme bakterier/100 ml

< 100

100-1000

> 1000

Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml

< 100

100-1000

> 1000

Følgjande resultat frå målingane den 20.juni:

Dato/Stad

20.061

20.062

 

 

 

 

 

 

Kvalitet ved sist måling

Skjolden

42

10

 

 

 

 

 

 

God

 

Luster

10

<10

 

 

 

 

 

 

God

Solvorn

<10

<10

 

 

 

 

 

 

God

  1. Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)
  2. Intestinale enterokokkar  (fekale streptokokkar)

Det er ikkje naudsynt med særlege tiltak då resultata er på akseptabelt nivå.

Teknisk Drift, Luster Kommune

Badeplass.jpg