Gruppearbeid_UIu.jpgBilete: Gruppearbeid på UiU-samlinga 8. desember.  I framgrunnen f.v. inspektør Mona Bukve og rektor Kristin Vee (Luster ungdomsskule) og rektor Hilde Holte Selland (Hafslo barne- og ungdomsskule).

Bakgrunnen for Ungdomstrinn i utvikling-satsinga er eit nasjonalt politisk ønske om å få til ei fornying og styrking av ungdomsstrinnet, jf. Stortingsmelding 22 (2010-2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter.

Ungdomsskulane i Luster har delteke i pulje 4 av Ungdomstrinn i utvikling (UiU) saman med ungdomsskulane i Aurland, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Pulje 4 varte i tre semester; hausten 2016 – vår og haust 2017. Balestrand og Leikanger deltok i førre pulje.

Satsinga har hatt tre sentrale verkemiddel. Det første verkemiddelet er at satsinga er organisert som skulebasert kompetanseutvikling, dvs. at satsinga omfattar heile skulen og at alle lærarane deltek. Det andre sentrale verkemiddelet er bruken av lærande nettverk. Lærarane ved dei to ungdomsskulane på Hafslo og i Gaupne har møttest jamleg desse tre semestra for felles forelesingar, erfaringsdeling og diskusjon. Det tredje og siste hovudverkemiddelet har vore pedagogiske ressursar og støtte.

Skriving i alle fag

Det overordna nasjonale målet for satsinga er auka elevmotivasjon gjennom meir variert og praktisk retta undervisning. Skulane har også i satsingsperioden forplikta seg til  lokalt utviklingsarbeid i eitt eller to av følgjande fagområde: lesing, skriving, rekning eller klasseleiing.

Ungdomsskulane i Luster valde skriving som grunnleggjande ferdigheit – skriving i alle fag – som sitt faglege satsingsområde. I tillegg har vurdering for læring og organisasjonslæring vore eit gjennomgåande tema i perioden.

HVL_Vibeke_Viem.jpgBilete: Vibeke Viem, Høgskulen på Vestlandet, innleier på UiU-dagen 8. desember.

Fagleg støtte frå Høgskulen på Vestlandet

Eit av verkemidla i satsinga er fagleg samarbeid med Høgskulen på Vestlandet i satsingsperioden. Vibeke Viem har vore Luster sin faste samarbeidspartnar og kontakt ved Høgskulen i satsingsperioden. Viem har regelmessig delteke på samlingar og møte ved dei to ungdomsskulane, hatt faglege introduksjonar og korte forelesingar, rettleidd og gjeve solid fagstøtte innafor temaa skriving som grunnleggjande ferdigheit og vurdering.

Samlingane på tvers av skulane har vore sentrert rundt programmet Skrivestien til Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking. Hovudtrinna i programmet har vore: Skriving som grunnleggjande ferdigheit, Skriving på faga sine premiss, Vurdering for læring, Skrivestrategiar, Rammer for skriving og Metaspråk om tekst og skriving.

GunnBeate_UIU.jpgBilete: Kommunal ressurslærar UiU Gunn Beate T. Lefdal vert takka for innsatsen av rektor ved Luster ungdomsskule, Kristin Vee.

Regional utviklingsrettleiar og kommunal ressurslærar

Støtteapparatet rundt Ungdomstrinn i utvikling-satsinga inkluderer også regional utviklingsrettleiar, Inger Marie Leirdal Evjestad, og kommunal ressurslærar for UiU, Gunn Beate Thorsnes Lefdal. Evjestad har vore støtte og rettleiar for alle kommunane og ungdomsskulane i Sogn gjennom UiU-perioden.

I samband med UiU-satsinga har Gunn Beate Thorsnes Lefdal vore tilsett som 20 % kommunal ressurslærar der ho skal rettleia og hjelpa kollegia på Hafslo og ved Luster ungdomsskule i det lokale utviklingsarbeidet.  I tillegg til Lefdal har Kirsti Henden vore lokal ressursperson på Hafslo og Aud Teigen ved Luster ungdomsskule (våren 2016). Desse tre saman med Evjestad har også delteke på dei nasjonale ressurslærarsamlingane på Gardermoen i perioden.

Skuleeigar representert ved kommunalsjef Knut Åge Teigen og rektor og inspektør ved dei to ungdomsskulane har på si side delteke på samlingar i Bergen i regi av Utdanningsdirektoratet.

Presentasjon_Hafslo.jpgBilete: Lærarar på 8. trinn på Hafslo presenterer sitt tverrfaglege prosjekt. Frå venstre Runar Hatlevoll, Marianne Hanse, Terje Holm og Inger Beate Dalheim.

Presentasjon av tverrfaglege prosjekt

Hausten 2017 har lærarane trinnvis planlagt, gjennomført og evaluert eit tverrfagleg prosjekt der skriving har vore eit sentralt element i opplæringa. 8. desember møttest alle ungdomsskulelærarane i kommunen i aulaen på Luster ungdomsskule for å presentera arbeida for kvarandre. Mellom anna var det prosjekt om stortingsvalet 2017, om berekraftig utvikling, om jorda, bruk av kartleggingsprøven skriveprøven på 8. trinn og opplegg knytt til den årvisse ekskursjonen Hafslo-elevane gjennomfører til Polen med Aktive Fredsreiser.

Presentasjonane synte at det var gjennomført mykje godt undervisningsarbeid der skrivemetodikk som lærarane hadde tileigna seg i UiU-satsinga vart fletta inn på ein naturleg måte. Dei tverrfaglege prosjekta inneheldt dessutan ein brei variasjon av produkt. Elevane hadde laga brosjyrar, videofilmar, plakatar, heldt foredrag og mykje meir. Gjennom dette fekk elevane vist kunnskap og delt opplevingane sine på ulike måtar. Motivasjonsforsking trekk nettopp fram variasjon som viktig for elevane sin motivasjon for skulearbeidet.

Etter presentasjonen av dei ulike tverrfaglege prosjekta vart det arrangert erfaringsdeling i form av dialogkafé-metoden, dvs. at lærarane sirkulerte mellom ulike bord der dei i meir detalj kunne få høyra og utveksla erfaringar om dei einskilde prosjekta.

Fellesbilete_UiU2.jpgBilete: Fellesbilete av alle lærarane på ungdomssteget ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Luster ungdomsskule.
Nederste rekke f.v. Janne Sønnesyn og Vibeke Viem (Høgskulen på Vestlandet), Kirsti Henden og Gunn Beate T. Lefdal (lokal og kommunal ressurslærar UiU), rektorane Kristin Vee og Hilde Holte Selland.
 

Evaluering av satsinga

Ungdomstrinn i utvikling-satsinga vert formelt avslutta på nyåret ved at kommunen sender inn ei evaluering til Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen. Første del av evalueringa vart gjennomført 8. desember der lærarane i gruppevis svara på spørsmål om kva dei var nøgde med og kva som kunne vore gjort betre eller annleis.  

 

 

IngerMarie_UiU.jpg

Bilete: Utviklingsrettleiar i Sogn, Inger Marie Leirdal Evjestad oppsummerte UiU-satsinga i regionen.

 

Som avslutning på samlinga 8. desember gav utviklingsrettleiar Inger Marie Leirdal Evjestad nokre refleksjonar og ei oppsummering av UiU sett med eit regionalt blikk.  Evjestad peika mellom anna på at alle skulane i satsinga har prøvd ut undervisningsmetodar som skal gje auka læring for elevane, alle kommunane og skulane har arbeids-/styringsgrupper som trekk og samordnar utviklingsarbeidet og verdien av at skular i same kommune har valt felles satsingsområde.

Vidare nemnde Evjestad kva verknadar satsinga har for elevane si læring. Det er vorte eit sterkare fokus på arbeidsmetodar, utviklingsarbeidet er styrka ved at fleire partar er i samspel, fagnettverka er meir lærande og det er ein styrka kultur for erfaringsdeling og utvikling av eige arbeid gjennom idear frå andre på tvers av skular. Det har elles vore ein felles haldning i Sogn at alle vil bli betre.

Kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen trekte fram at UiU-satsinga på skriving var ei styrking og komplettering av den tidlegare satsinga på lesing i skulane i Luster. Eit viktig mål vidare er å overføra kunnskap og erfaringar frå ungdomstrinnsatsinga til barneskulane og då særleg  mellomsteget. Dette vil vera eit prioritert område i 2018 gjennom nettverksarbeid og språkkommune-prosjektet. Eit tettare samarbeid mellom dei to ungdomsskulane i kommunen er elles ein viktig tilleggsbonus etter UiU-satsinga.
Dette samarbeidet vil fortsetja gjennom framhald av lokale fagnettverk.

Som seg hør og bør vart UiU-avslutninga 8. desember feira både med god lunsj og eiga UiU-kake. Vel blåst og gratulerer til dei to ungdomsskulane!

UiU-kaka.jpg