Avlasting er eit førebyggjande tiltak til omsorgspersonar som yter omsorg for barn, unge eller vaksne med nedsett funksjonsevne. Formålet med tenesta er at omsorgsyter skal få avlasting frå sine daglege omsorgsoppgåver.

Avlastigstiltak skal hindre overbelastning, gi omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og moglegheit til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar. 

Avlasting vert tildelt på grunnlag av individuell vurdering og gjevast ut i frå ulike behov og organiserast på ulik måte. Tenesta kan bli gitt i eller utanfor heimen og skal gje eit forsvarleg tenestetilbod for omsorgsmottakaren.

Søk avlasting

Både familiemedlemmar eller andre omsorgsytarar kan søkje.

Søknaden må vera Luster kommune i hende innan 6 veker før avlastinga skal finna stad.

Søknaden skal sendast til Gaupne omsorgssenter, tenestekontoret, Øyagata 17, 6868 Gaupne.
Spørsmål kan rettast til konsulent for mennesker med nedsatt funksjonsevne på tlf. 57 68 57 15