Avlasting er eit førebyggjande tiltak til omsorgspersonar som yter omsorg for barn, unge eller vaksne med nedsett funksjonsevne. Formålet med tenesta er at omsorgsyter skal få avlasting frå sine daglege omsorgsoppgåver. Den som yter omsorg skal kunna få naudsynt kvile, ferie og fritid.

Søknad:

Her er skjemaet du nyttar ved søknad om avlasting

Ber om at de i tillegg til søknadsskjema nyttar eige ark for utfyllande opplysningar.

Skjema sendast: Tenestekontoret v/ Gaupne omsorgssenter, Øyagata 14, 6868 Gaupne

Både familiemedlemar eller andre omsorgsytarar kan søkje.

 

Tildelingskriterier/ vilkår:

  • Omsorgsansvaret må vera langvarig og særs tyngjande. Særs tyngjande kan vera:
    • om du arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid
    • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
    • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
  • Omsorgsytar må ha behov for avlasting for fortsatt å kunna ivareta omsorgsbehovet i heimen. Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og det må medføra større behov for hjelp enn det som normalt er forventa i høve alder (dette gjeld især born).

  • Omsorgsbehovet må vera av ein slik karakter at den omsorgstrengjande treng tilsyn og/eller hjelp heile eller store deler av døgnet.

  • Den omsorgstrengjande må vera heimebuande i Luster kommune eller midlertidig opphalda seg i kommunen.

  • Transport til og frå avlastinga må tenestemottakar eller pårørande syta for sjølv.

Kva får du?

  • Tenesta kan ytast i private heimar, i institusjon, og i visse høve ved at omsorgspersonen får fri og andre overtek omsorgen i heimen.

  • Avlastinga skal vere avtalt og planlagt. I planlegginga skal både den som får og den som gir avlasting vere med.

  • Avlasting vert gitt i ein tidsavgrensa periode og kan vere timar, døgn eller veke.

  • Avlasting vert vurdert opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste omsorgsytaren.

Forhold som ikkje gjer rett til avlasting:

  • at omsorgsytar har behov for barnevakt

  • erstatning for andre tiltak som ein har tilbod om, men ikkje ønskjer å nytta seg av, t.d. SFO eller heimesjukepleie

  • at omsorgsytar manglar nettverk er ikkje åleine eit kriterium

  • ein diagnose eller bestemt type funksjonshemming er ikkje åleine eit kriterium

Pris: Tenesta er gratis.

 

 

IPLOS 
Nokre av dei opplysningane Luster kommune ber om i samband med søknadsprosessen vil bli rapportert inn til eit sentralt register kalla IPLOS. Registeret er anonymt og opplysningane skal brukast til statistikk og forsking.
Meir informasjon om PLOS  
 

Handsaming

Avlasting i institusjon vert handsama i Tildelingsteamet. Tildelingsteamet er eit rådgjevande organ som er samansett av leiar Luster omsorgsteneste, leiar  Gaupne omsorgssenter og helsesjef. Helsesjefen er leiar av teamet. Vedtaksmynde: Leiar for Luster omsorgsteneste.

Avlasting utanfor institusjon vert handsama av konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne og leiar for Luster omsorgsteneste. Vedtaksmynde: Leiar for Luster omsorgsteneste.

Saksbehandsamingstid: Innan 1 månad etter at søknaden er motteken, jf. Forvaltnigsloven §11. Ved forlenga saksbehandsamingstid, vil søkjar bli varsla. Underretning om vedtak vert sendt søkjar.

Klage

Tenesta vert tildelt som enkeltvedtak.
Vedtaket kan påklagast. Opplysningar om klagerett går fram av vedtaket.

Klageinnstans: Fylkesmannen

Lover og forskrifter:
Helsepersonelloven
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Pasient- og brukerrettighetsloven
Journalforskriften
Kvalitetsforskriften