Legekontoret:
Adresse:
Postboks 104, 6866 Gaupne
Tlf: 57 68 56 00
Alarmtlf: 57 68 15 55
Fax: 57 68 56 01
Epost
Opningstid: 07.45 - 15.15
Ekspedisjon/
Tlf. tid: 08.00 - 14.30
Tlf.tid legar: 08.00 - 13.00
Luster legekontor
Akutt hjelp - legevakt
|
Når liv og helse står på spel, ring medisinsk nødnummer |
113 |
|
Legevakt Luster kommune |
57 68 15 55 |
Informasjon frå Luster legekontor.
Vi hjelper deg når det hastar
Legevakta si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid.
Her er nokre døme:
- smerter i brystet eller magen
- pustevanskar
- akutt sjukdom eller alvorleg forverring
- nedsett allmenntilstand hjå born
- alvorleg psykisk sjukdom
- mistanke om komplikasjonar i svangerskap
- kuttskadar som må syast
Legevakta er ikkje meint for deg som har ei vanleg forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.
Legevakta er beredskapsvakt. Legane som deltek i vakta utanom normalarbeidstida, har ei vanleg arbeidsveke i tillegge til legevakta. Derfor vil prioriteringane om natta (ca 23.00 til 08.00) vera langt strengare enn ellers på døgnet. Såleis kan du ved henvendelsar på kveld/natt, avhengig av kva problemet er, bli bedt om å oppsøke eigen lege på dagtid. Då legevakta er ei beredskapsvakt, er det heilt nødvendig at det blir oppretta kapasitet til å yte hjelp når det verkeleg står om liv.
"Øyeblikkeleg hjelp"
er eit medisinsk omgrep, som tyder at det er nødvendig å gje medisinsk hjelp snarast mogeleg. Dette tyder ikkje at ein får hjelp umiddelbart for vanlege problem/sjukdomar.
Fastlegen kan også gje hjelp raskt
Viss du treng hjelp på dagtid, skal du ringe resepsjon og spørje om du kan få ein time hjå fastlegen din. Hastegrad blir vurdert og vanlegvis kan ein gje deg ein time på dagen viss situasjonen krev det. Er det ingen ledige timar hjå fastlegen er det alltid ein annan lege som har ansvar for auktthjelp på kontoret.
Du skal alltid vende deg til fastlegen din når det gjeld:
- sjukmelding
- fornying av resept
- varige plager utan akutt forverring
Målgruppe
Alle
Ring oss og spør!
Ring og spør dersom du er usikker. Vi er her for å hjelpe deg! Saman kan vi finne ut kva hjelp du treng. I mange tilfelle vil vi kunne hjelpe deg på telefon, så slepp du å reise til legevakta. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte treng vi ofte informasjon om tilstanden din, eventuell feber, om tidlegare sjukdomar og faste medisinar.
Dette kan vere lurt å ha i huset:
- termometer
- febernedsetjande stikkpiller/tablettar til born
- smertestillande tablettar
- nasespray
- plaster/bandasje
Viss du må vente, er det fordi andre treng hjelpa raskare
På legevakta hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalt ut til akutte hendingar. Viss du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.
Pris
Betaling på legevakta:
- Legevakta krev betaling etter faste takstar. Viss du betalar kontant unngår du faktureringsgebyr.
- Ta med eventuelt frikort.
Nyttige telefonnummer:
I arbeidstida svarar legekontoret.
Ein av legane har ansvaret for øyeblikkeleg hjelp på dagtid.
Telefonen blir ekspedert av legevaktsentralen utanom vanleg arbeidstid. Vakthavande lege blir kontakta gjennom dei.
Luster legekontor dagtid 57 68 56 00
kveld/helg 57 68 15 55
Sogndal apotek 57 67 90 70 opningstid 9-17, to. til 18.00, lø. til 14.
Lærdal apotek 57 66 99 66
Taxi-Service Luster 58 68 16 20
Giftinformasjon 22 59 13 00 heile døgnet
Pasientreisekontoret 05515
| Når liv og helse står på spel, ring medisinsk nødnummer | 113 |
