Opning av Prestegarden i Luster

Velkommen til opning av Prestegarden i Luster, helga 18. og 19. august. Laurdag er det ope hus klokka 16-18, offisiell opning ved ordførar Ivar Kvalen, kunstnerisk innslag ved Henning Lad, samt enkel mat og drikke. Søndag er det gudtsteneste i Dale kyrkje med påfylgjande kyrkjekaffi i Prestegarden. Klokka 13 er det kåseriet DEN KUNSTNERISKE OPPDAGELSEN AV JOTUNHEIMEN OG SOGN - FRA
NASJONALROMANTIKK TIL TURISMEBOOM ved Pål Sagen, innehavar av Galleri Bygdøy Allè, som så generøst har lånt ut nasjonalromantiske originalmaleri til Prestegarden. Lik, del og ver hjarteleg velkomne, alle saman.

: Luster Prestegard
Tid: lørdag 18. august