Offisiell opning av Kaupanger gravlund

Førstkomande tysdag, 21.august kl.13, vert det offisiell opning av nye Kaupanger gravlund.
Gravlunden ligg like ved Kaupanger stavkyrkje, og er no klart til å bli teken i bruk.
Dette vil bli markert med eit enkelt program der mellom anna ordførar Jarle Aarvoll og kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide har ordet.
Alle er velkomne til å møte fram og få med seg den felles, offisielle opninga for Kaupanger gravlund, uavhengig av tru og livssyn.

: Kaupanger
Tid: tirsdag 21. august 13:00