Diabetes og fysisk aktivitet

HAR DU DIABETES?

Då er du velkomen til foredrag på Høgskulen om Diabetes og Fysisk aktivitet
Stad: Auditoriet Josten 1.Etasje Høgskulen Vestlandet
Tid: Torsdag 18.januar 2018 kl 1800
Foredraget passar også for deg som er i faresona for å utvikle diabetes.


Foredragshaldarar:
Førsteamanuensis Geir Kåre Resaland frå Høgskulen
Geir Kåre Resaland er frå Sogndal og jobbar som forskar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Fosshaugane i Sogndal. Han har hovudfag og doktorgrad frå Norges Idrettshøgskole, og var i 2015-2017 medlem av Helsedirektoratets nasjonalt fagråd for fysisk aktivitet. Resaland er svært oppteken av korleis fysisk aktivitet har funksjon som førebyggande, helsefremmande og medisinske effekt.
Resaland er ein dyktig foreleser som formidlar kunnskap på ein populærvitskapeleg måte, samtidig som innhaldet har vitskapeleg forankring.
Treningsrådgivar Kristin Øygard frå Diabetesforbundet
Kristin er oppvaksen i Sogndal og har vore elev på Høgskulen med Geir Kåre Resaland som lærar. No er ho treningsrådgivar i Diabetesforbundet og har sin faglege bakgrunn frå Norges Idrettshøgskole. Kristin har 17 års erfaring som kurs – og foredragsholdar innan trening. Hennar treningsfilosofi er «Du angrer aldri på en treningsøkt! Og litt er bedre enn ingenting.»
Saman med Helsedirektoratet og Muscle Animations utvikla ho appen «Styrk!», og ho brenn for lavterskeltrening og folkehelse.

GRATIS INNGANG. ENKEL SERVERING.

Etter foredraget vert det samling for dei som ynskjer å bidra med å starte opp igjen lokallaget av Diabetesforbundet for kommunane Leikanger, Sogndal og Luster.

Arrangør: DIABETSFORBUNDET SOGN OG FJORDANE
: SOGNDAL
Tid: torsdag 18. januar 18:00
Alle