50 idrettsheltar - Lokalhistorisk laurdagsmøte

Forfattaren bak boka "50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane" Rune Fossum
Lillesvangstu kjem.
Han vil snakke om historiene bak kulissene, og ikkje ha fokus på sportslege resultat og prestasjonar:
Den sterke historia om sogningen Arne Haukås (krøplingen som vart storløpar), kva som skjedde då heltar som Jostein Flo og Eirik Bakke kom til England for åspele fotball og vart møtt med ein tøff garderobekultur, hekkeløpar Kjellfred Weum som var politimann og sprang etter ein innbrotstjuv osb.

Rune Fossum Lillesvangstu vil fortelje dei gode historiene, som ikkje veldig
mange har høyrt før.
Det vert mogleg å kjøpe boka signert.

Arrangør: SOGNDAL BIBLIOTEK
: Sogndal bibliotek
Tid: lørdag 27. januar 14:00
Alle
http://www.sogndal.folkebibl.no/