Skap levande lokalsamfunn! Eit motivasjonsføredrag med Rasmus Mo.

Me inviterer til motivasjonsføredrag med omdømebyggjaren, mentoren og motivatoren i Sogndal Fotball, Rasmus Mo.
Rasmus har fått Sogndal Fotball på omdømetoppen i landet og er kjend for sin klare tale mellom anna gjennom føredrag som «dønn ærleg». I banksalen vil det smella frå Rasmus som veit å setja ord på ting utan filter.

Føredraget tek opp den store utfordringa som er den viktigaste oppgåva for oss som bur i distrikta; korleis skapa levande lokalsamfunn?
Me som har valt å bu og leva i lokalsamfunnet har alle eit ansvar for korleis verda rundt oss ser ut og fungerer. Føredraget skal motivera og kanskje gjera oss litt meir medvitne på korleis me kan utgjera ein skilnad.

Rasmus Mo stiller opp i banksalen i Gaupne torsdag 23. november kl 19:30 og motivasjonsføredraget er ope for alle.
Luster Sparebank tek initiativ og ansvar då me meiner banken har ei viktig samfunnsrolle gjennom finansiering og rådgjeving for næringslivet og privatpersonar, men også som sponsor og samarbeidspartnar til mange lag og organisasjonar i distriktet.
Me håpar at så mange som råd møter opp for å kjenna litt på korleis det offentlege, næringslivet og det frivillige kan løfta kvarandre.
Rasmus Mo er på bana i to fotballomgangar , og i pausen tek me oss tid til mingling og enkel servering.

Velkomen!

Arrangør: LUSTER SPAREBANK
: Banksalen, Luster Sparebank
Tid: torsdag 23. november 19:30