Mia.jpgNo klokka 10 om morgonen er det lite folk ute på Pyramiden, men nokon er det. Ei kvinne på Spar fortel at ho ikkje har noko forhold til kvinnedagen, og at likestillinga i dag er cirka 40%-60% fordel menn. Ho meiner at løna skal fordelast etter innsats, ikkje kjønn, men kvinna har ikkje tenkt over konkrete svar på korleis me kan auke likestillinga.

Ei anna me snakka med var Mia i tenåra. Ho hadde heller ikkje noko forhold til kvinnedagen og meinte at likestillinga var heilt passe sånn ho var i dag. Litt urettferdig var det jo at kvinner tener mindre enn menn, men ho visste ikkje kva som skulle til for å auke likeverdet.

På veg bortover møter me ein småspringande mann i tjue-åra. Han har, til liks med alle dei andre me har snakka med tidligare, ikkje noko forhold til kvinnedagen. Han meiner at det er likestilling mellom mann og kvinne i dag, og at løna burde vere den same. Heller ikkje han hadde noko svar på korleis å forbetre likestillinga.

Oppe på kafeen møter me ein mann som er godt oppe i åra. Han har ikkje tenkt på at det var kvinnedagen i dag. Han meiner at me nesten er i mål med likestillinga og at det er urettferdig at kvinner ikkje tenar det same som menn. Han meiner at svaret ligg i nye kulturar. Ved at innvandrarar ‘stel’ jobbane blir det mindre likestilling.  Me må oppretthalde kulturen for å få slutt på likestillingsproblemet.

Tilbake på rådhuset snakkar me med Karin i skranken. Ho tykkjer at 8. mars, Kvinnedagen, er viktig, og det fortsatt er viktig å feire dagen.  Karin synest at likestillinga ikkje er god nok som ho er i dag, og at det trengst meir fokus på det. Det at menn tener meir enn kvinner er feil, og for å forbetre dette måtte me setje meir fokus på det, spesielt mennene.

I det store og heile verkar det som folk på gata ikkje har eit så stort forhold til kvinnedagen, men at dei er opptatt av at alle skal få det like bra.