A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

Informasjon for veke 19

Hei. 

Vekeplanen for veke 19 ligg i menyen til høgre. 

Arbeidsplanar som elevane skal jobbe med ligg på "Teams". Her får de ein oversikt over dei ulike faga og kva fagstoff vi forventar at de jobbar med. 

Om det er noko de ikkje forstår eller vil ha hjelp til, tek de kontakt på chatten på "Teams" eller så sender de ein e-post. 

Mykje slurv på levering innanfor fristane. Hugs forms for 10 rette og evaluering av veka på fredagar kl.12. 

2020-05-03

veke 48

Me har hatt ei god arbeidsveke. I tillegg til godt arbeid i faga, har me laga lussekattar til Luciadagen. Me øver for fullt  på Luciasongen og dei songane me skal ha på julefesten. Kjekt og ekstra travelt! Veka vart avslutta med nydeleg skulelunsj laga av 6.klasse. Me åt lenge og vel, og alle vart gode og mette. Takk for maten, 6.klasse! Me ynskjer alle ei fin adventshelg!

2014-11-28

veke 47

Då har me gjort unna nok ei god arbeidsveke. Elevane jobbar godt og er aktive ute og inne.Tysdag i veke 48 står baking av lussekattar på planen. Send med barnet ditt eit forkle slik at me ikkje treng vere redde for søl på klea. God helg! 

2014-11-21

veke 45

Denne veka var nok ei god arbeidsveke. Elevane våre jobbar godt i dei ulike faga og er interesserte og blide. Me avslutta veka med mykje leik ute. Og i dag vart me skikkeleg kalde på nasen!  Me minner om sosialkvelden onsdag. God helg!

2014-11-07

Veke 44

Så har me lagt bak oss siste veka i oktober, og me kan vel trygt seie at hausten har festa grepet. Me er inne i ein periode med god jobbing i klasserommet. Me minner om at ungane må ha bytekle på skulen. Dei må òg ha gode utekle og aller helst støvlar på blaute dagar. God helg!

2014-10-31

v.43

Denne veka har me snakka ein del om FN, og i dag starta dagen med ei fin markering av FN-dagen. Alle elevane deltok med song og opplesing. Klokka 12 i dag var heile skulen med på å danse i NrkSuper sin landsomfattande kampanje for vennskap, Blime-dansen. Det var ei fin oppleving! Elles har me hatt nok ei god arbeidsveke. God helg!

2014-10-24

veke 42

Leseveka vart ei litt annleis arbeidsveke. Tysdag hadde me besøk av Ellen frå biblioteket. Ho fortalde om bøker me kan låne og lese. Me har lese mykje og laga ein flott bokorm i klasserommet. Me har òg arbeidd med lese- og matteaktivitetar i grupper. Fredag hadde me ei flott morgonsamling før me såg filmen "To gode venner". Veka vart avslutta med ei god økt med fysisk aktivitet. God helg!

2014-10-17

v.40

Dette har vore ei veke med mykje konsentrert jobbing. Me har m.a. gjennomført Carlsten lesetest i norsk og Diploma i engelsk. Det blir nok  godt med nokre fridagar no for alle saman. Velkommen tilbake til skulen måndag 13.oktober! Då skal me ha leseveke. Me ønskjer alle ein flott haustferie!

2014-10-03

Vaksinasjon

Me minner om vaksinasjon tysdag.

2014-09-22

veke 38

Me hadde ein flott leikdag tysdag. Ungane storkosa seg i det flotte haustveret. Dei ulike stasjonane hadde svært ulikt innhald, og aktiviteten blant ungane var stor . Det nærmar seg haustferie, og i veke 40 kjem me til å gjennomføre Carlsten lesetest i klassen. Me kan trygt seie at alvor og leik går hand i hand. God helg!

2014-09-19
Powered by CustomPublish AS