Tilbakemelding frå foreldre som har delteke på COS –P er at dei har blitt overvelda over kor enkel, nyttig og lett forståeleg denne metoden er, og at «alle foreldre burde delta på eit slikt kurs». Vidare at dei har fått større forståing for barna sine behov, dei har i større grad blitt klar over sin eigen påverknad i relasjonen og at eigen erfaring frå barndommen kan verke inn på korleis ein reagerar. Uttrykk som «aha-opplevingar» og «ny innsikt» nyttast av fleire foreldre. Dei har fått ein kunnskap dei ikkje har kjent til, eller vore bevisst på tidligare.

Kommunen er no i gang med å planlegge tilbod - meir informasjon kjem etter kvart.

cos-oslo.jpg